Smed

Ein smed i eit måleri av Ansdell Richard.
Grovsmedarbeid: Hovudportane inn til Vigelandsanlegget i Oslo er gode døme på fint smedhandverk.
Smijarnsarbeid i «Honnørtrappa» (L'escalier d'honneur) i Sorbonne-universitetet i Paris.

Ein smed er ein handverkar som arbeider med metall. Namnet vert nytta både på dei som nyttar tradisjonelle og moderne verktøy og metodar.

Det finst fleire typar smedar, kjenneteikna av kva slags ting dei har spesialisert seg på å lage eller reparere. Ein plar skilje mellom finsmedar og grovsmedar. Ein grovsmed arbeider med jern og stål, og lagar eller reparerer for det meste større ting som til dømes rekkverk, gjerne utsmykka med smidde mønstre, eller grøvre reiskap, men òg mindre ting eller småting som til dømes hestesko, knivar, våpen og anna, og har vanlegvis arbeidsplassen sin i ei smie. Fabrikkframstilte produkt og moderne metodar har i stor grad ført til at dette er eit yrke i tilbakegang.

Finsmedar kallar helst arbeidsplassen sin for verkstad, og er:


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search